Tilliten til politiske institusjonar er ikkje noko vi kan ta for gitt. Ho må byggjast – og ho må vernast. Når det vert avdekt bindingar, rolleblanding og utilstrekkeleg openheit, svekkjer det ikkje berre dei involverte. Det svekkjer tilliten til heile systemet.
I februar 2024 fremja Haram Venstre ein interpellasjon i kommunestyret med konkrete forslag for å styrkje openheit og innsyn i Haram kommune. Vi foreslo mellom anna å greie ut ei registreringsordning for påverknadskontakt med folkevalde, eit oppdatert aksjonærregister i sanntid, eit utvida register over reelle rettshavarar og eit uavhengig kommunalt klageorgan for innsynssaker.
Forslaga var ikkje uttrykk for mistillit til enkeltpersonar. Dei var uttrykk for tillit til system. For det er nettopp slik vi byggjer tillit: ved å sørgje for at innsyn, sporbarheit og kontroll ikkje er avhengig av enkeltpersonar si gode vilje.
Ordføraren svarte den gongen at Haram kommune følgjer gjeldande lovverk, og at det ikkje var ønskjeleg å opprette slike ordningar før dette eventuelt vert lovpålagt. Det vart vist til ressursbruk, personvern og at eit slikt register i praksis ville vere eit «tillitsregister».
Men nettopp her ligg kjernen i problemet. Å tru at vi ikkje treng sterkare lokale tiltak fordi «vi følgjer lova» og fordi vi er ein liten kommune, er ei form for politisk naivitet. Dei fleste stader der alvorlege habilitetssaker eller korrupsjon seinare har vorte avdekte, har ein i forkant meint at «slikt skjer ikkje hos oss».
Openheit handlar ikkje om å mistenkjeleggje lokalsamfunnet. Det handlar om å erkjenne at makt og relasjonar alltid vil finnast – også i små samfunn. Kanskje særleg der. I mindre miljø kjenner «alle» kvarandre. Næringsliv, politikk og administrasjon er tett samanvovne. Nettopp difor treng vi tydelege strukturar som gjer det lettare å gjere det rette – og vanskelegare å gjere det gale.
Argumentet om at dette først bør innførast når det vert lovpålagt, er svakt. Lokaldemokratiet skal ikkje vere ei minimumsordning der vi berre gjer det vi må. Vi bør vere i forkant. Vi bør ønskje meir openheit velkomen – ikkje avvise henne av omsyn til administrativ bekvemmeligheit.
Ressursomsyn er reelle. Men kva kostar det når tilliten først vert svekt? Kva kostar det i omdøme, i politisk legitimitet og i innbyggjarane si tru på at avgjerder vert tekne på sakleg grunnlag?
Spørsmålet er difor enkelt: Meiner ordføraren framleis at det ikkje er behov for å styrkje openheita lokalt gjennom eigne tiltak i Haram kommune? Eller erkjenner han, i lys av det som no vert avdekt rundt om i verda, at også vi bør gå føre og vise at openheit ikkje berre er fine ord, men konkret politikk?
Openheit er ikkje eit problem som skal handterast når skandalen er eit faktum. Det er eit prinsipp som må byggjast før han oppstår.
For vegen til meir tillit er, framleis, meir openheit.
Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre