Lesarinnlegg av Sveinung Rotevatn, 1. kandidat for Venstre i Hordaland valkrins
Sterke krefter dyttar på for å bygge ned natur. Etter at dei grå partia Ap, SP, Høgre og Frp gjekk saman om å opne for kraftutbygging i verna vassdrag, er naturen vår igjen fritt vilt. Vi i Venstre er tydeleg på at vern betyr vern. Og det er no kampen står.
Når valet er over risikerer vi at prosessane for utbygging set fart. Det er sterke krefter som ønskjer å bygge kraftverk i verna vassdrag. Noreg har bygd ned 70 pst av dei store vassdraga og gjort stor skade på naturen. Derfor er det så viktig å ta vare på dei vassdraga vi har igjen.
Venstre er det einaste av miljøpartia som søker makt. Det einaste miljøpartiet som faktisk vil sitte i regjering, sjølv om det inneber at vi også må stå til rette for upopulære avgjerder.
Kvifor er det viktig? Fordi det er i regjering desse avgjerdene blir tatt. Kvar einaste dag. Slik fekk Venstre hindra oljeutbygging utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. Naturen treng miljøforkjemparar i regjeringskontora, nokon som kan stogge den nedbygginga som skjer bit for bit.
Sjølvsagt er det enklare å stå på utsida og halde sin sti rein slik SV og Mdg føretrekk. Men det hjelper ikkje miljøsaka. Det er for seint å gå i fakkeltog etter at avgjerda er tatt.
Naturen treng betre vener. Vi kan ikkje la det vere opp til Høgsterett å sette ned foten fordi politikarane ikkje vågar. Vi må ta det politiske ansvaret for å seie nei til nedbygging av naturen, sjølv der formåla er gode nok.
Mange bekkar små blir ei stor å.
Som klima og miljøminister la eg i 2021 fram planar for nasjonalpark i Masfjordfjella i Alver og Masfjorden kommune. Ein Nasjonalpark i Masfjordfjella er viktig å få på plass, mellom anna for å verne mot framtidige inngrep. Dette området i Masjordfjella er i dag det største inngrepsfrie området i Hordaland utanom Hardangervidda. Store delar av området består av Eikefetvassdraget og nedbørsona som tilhøyrer vassdraget. I dag er Eikefestvassdraget verna og vi i Venstre meiner at fortsatt vern av vassdraget er essensielt for den komande nasjonalparken.
Frøysetvassdraget er eit anna viktig vassdrag i same region og er endå eitt døme på vassdrag under press. Vi vil stadfeste Yndesdalsvassdraget og Frøysetvassdraget sin status som verna vassdrag. Flaumsikring må skje på naturens premiss. Takka vere det gode arbeidet som gjerast lokalt kan laksestamma få vilkår til å bygge seg opp att. Både i Yndesdals- og Frøysetvassdraget og i dei andre Vestland. Venstre vil ta ansvar for heilskapen i dette. Det inneber at verna vassdrag må få vere i fred, og at vi må gjere meir for å halde fjorden rein.
Dette er ein kamp vi tek i dag, for oss sjølve og for framtidige generasjonar. Det er ein kamp som fordrar eit sterkt Venstre i ei borgarleg regjering.