Skatt på verdiskaping er feil medisin

Skatt på verdiskaping er feil medisin., Foto: Alev Takil/Unsplash

Kvifor skal det koste å skape arbeidsplassar? Kvifor skal småbedrifter og lokale eigarar straffast med formuesskatt på det dei eig i maskiner, bygningar og driftsmidlar? Det meiner vi i Venstre er feil – både økonomisk og moralsk.

Venstre vil fjerne formuesskatten på arbeidande kapital. Dette er ikkje eit kutt for dei rike, men ei støtte til dei som faktisk bruker pengane sine på å investere, utvikle og sysselsette. For kvar krone ein lokal eigar må betale i formuesskatt, er det ei krone mindre til å kjøpe nytt utstyr, ansette folk eller satse på grøne løysingar.

Men vi vil ikkje svekke fellesskapet. Vi vil halde oppe inntektene til staten – og bruke skattesystemet smart:
🟢 Meir skatt på forureining.
🟢 Mindre skatt på arbeid og verdiskaping.
🟢 Rettferdig skattlegging av passive formuar.

Difor vil Venstre finansiere kuttet i formuesskatt med ein moderat auke i selskapsskatten. Dette er noko fleire i næringslivet sjølv har teke til orde for – fordi det er meir rettferdig at overskot blir skattlagt enn at ein må betale for verdiane ein treng for å drive.

Dette handlar ikkje om å vere «for rike» eller «mot skatt». Det handlar om å gjere det lettare å skape verdiar – og smartare å fordele dei.

For oss i Venstre er det heilt klart:
Vi vil ha fleire arbeidsplassar, grøn vekst og rettferdig fordeling. Då må vi slutte å straffe dei som bygger opp noko.


Annika Brandal

2.kandidat og fylkesleiar MR Venstre

Christian Holstad Lilleng
7.kandidat og gruppeleiar Haram Venstre