Bidra i valkampen

Valkampen er i gang, og vi håper du vil vere med å sikre Sveinung og Alfred vidare plass på Stortinget.

Fram mot valdagen vil det vere aktivitet i heile fylket.

Ting du kan bidra med:

  • Gå på postkasseaksjon. Gjerne koordiner med valkamprådgjevar om du skal gå i ein av storbyane, og hugs å registrer kvar du går.
  • Bli med på dørbank.
  • Bli med på rushtidsaksjoner rundt om i Bergen og omegn. Gjerne planlegg eigne rushtidsaksjonar i eigen kommune.
  • Stå på stand med oss! Vi står rundtom i heile fylket, i Bergen er det ei fast bod på Torgallmenningen.
  • Lik og del innlegg for å auke synligheita på sosiale medier.
  • Snakk med folk om Venstre, og spre det glade liberale Venstre-bodskap.
  • Gå i Venstre merch!
  • Du kan bli Venstrevenn, og bidra til valkamp med økonomiske musklar.

Treng du brosjyrar eller veit ikkje heilt kvar du skal starte? Kontakt ein av valkamprådgjevarane i Vestland Venstre, eller lokallagsleiar i din kommune.

Valkamprådgjevar:

Hordaland: Hanna Bakkelund

Sogn og Fjordane: Elias Slåtten