Intensjonsavtalen om samanslåing av Sogn og Fjordane og Hordaland har fastsett kvar dei ulike avdelingane skal ha hovudkontor. Venstre legg denne til grunn i vidare organisering. Vi meiner det, at vi innanfor ramma som intensjonsavtalen er rom for å sjå nærare på korleis vi kan få til meir fleksible ordningar på arbeidstad 
Venstre legg til grunn fleire grunnleggjande prinsipp:
- Digitalisering legg til rette for at dagens moderne arbeidsliv kan basere seg på fleire og ikkje færre fleksible løysingar. OG digitalisering opphevar argumentasjonen for sentralisering. Det er ikkje lenger slik at ein må sitje under same tak for å vere ein del av eit fellesskap
- Det er viktig for Vestland fylkeskommune å ha eit godt rekrutteringsgrunnlag
- Som distriktsfylke utfordrar vi med jamnlege mellomrom statlege sektorar og næringsliv i hovudstadsområda på viktigheita av å desentralisere og spreie makt. Vi utfordrar på at kompetansen er jamt fordelt i landet og at offentleg sektor er ein viktig ressurs i å bygge sterkt og mangfaldig arbeidsliv.
Det vil variere med oppgåvene sitt innhald og type stilling kor vidt spreidd lokalisering er hensiktsmessig eller ikkje. Dette kan gå både på innhald, og i kva fase ein er i med oppgåvene. I miljø kor ikkje-strukturert samhandling eller raske avklaringar er viktig for utføringa, vil spreidd lokalisering kunne vere ei ulempe. Tilsvarende vil det for andre oppgåver kunne vere uproblematisk, og kanskje til og med ein fordel, at miljø er spreidde.
Fellesnemnda ber om at det vert utgreidd følgjande:
- Korleis nye arbeidsprosessar, nye arbeidsformer og «shared workplaces kan etablerast og utnyttast på kort og lang sikt slik at fylkeskommunale arbeidsplassar vert meir tilgjengeleg i heile fylket.
- Spesifikasjonar for teknisk infrastruktur og fysiske lokale som legg til rette for digitale arbeidsplassar og digitale kommunikasjonskanalar internt og eksternt for alle brukarar , både innbyggjarar, samarbeidspartnarar, tilsette, elevar og folkevalde. Kan til dømes dei vidaregåande skulane vere fysiske lokalitetar for fleire av fylkeskommunalt tilsette enn dei som jobbar i skuleverket?
Gunhild Berge Stang
Anne Beth Njærheim