Noreg er eit av få land i verda som framleis tilet samfunnet å dumpe gruveslam og giftige kjemikaliar i fjord og sjø. Venstre tykkjer det er på tide at Noreg endrar dagens regelverk og dagens rutinar for å kunne bevare reine, norske fjordar også for framtida.


Norske inntekter frå fiskeri har dei siste åra auka kraftig og er på stadig stigande kurs. Med lågare oljeinntekter enn på lenge verte det viktig for Noreg å ta betre vare på fornybare ressursar som skal kunne bringe Noreg inn i framtida og sikre norsk økonomi for fleire generasjonar framover. På bakgrunn av dette aspektet verte det viktig at fjordane våre verte ivaretekne på ein forsvarleg måte slik at artar som fjordlaks ikkje verte utrydda, men at den framleis verte ein viktig eksportvare for Noreg også om ti, tjue og femti år framover.
Venstre er klare på at Noreg skal vere ein nasjon som tek vare på miljøet og naturen, som legg hensynet til framtidige generasjonar til grunn og som ikkje minst legg til sides kortsiktig profitt på bekostning av fornybare ressursar som skal fortsette å bygge Noreg.
Sondre Hansmark Persen, 3. kandidat for Venstre i Hordaland