Radøy Venstre vil arbeide for etablering av apotek og kafé på Manger i samarbeid med næringsaktørar.
-Vinmonopolet var ein fin tilvekst til varehandelen på Manger. Det neste bør bli etablering av apotek, og dessutan treng Manger ein sosial møtestad i form av ein kafé. Dette vil me jobbe for å få til i samarbeid med næringsaktørar, seier Frode Hervik, Radøy Venstre sin ordførarkandidat.
Nest etter daglegvarer er apotek mest etterspurt innan varehandel i følgje ei undersøkjing om sentrumsområde gjennomført av Hordaland fylkeskommune. Undersøkjinga viser også at kveldsopen kafé/spisested er mest etterspurt etter idrettshall som sosial møtestad.
-Det vart gjort eit stykke arbeid av Venstre og Høyre for å sjekke ut moglegheitene for etablering av apotek på Radøy, og forsøk på å koble apotekkjede med Coop utan at det førebels har resultert i noko. Kanskje vil det vere enklare få plass til eit apotek i det nye Rema-bygget på Manger. Dette må undersøkjast nærare, seier Hervik.
Radøy Venstre foreslo for ei tid tilbake utgreiing av eit kulturkafé-konsept i prestegarden. Dette etter inspirasjon av Kulturbakeriet på Austevoll, der kommunen lyste ut etter nokon til å drive plassen, noko som reulterte i ein kjempesuksess. Framlegget vart røysta ned i kommunestyret.
-Me tek gjerne opp att ideen om ein kulturkafé i prestegarden. Det vil vere eit fantastisk prosjekt, men det kan også vere aktuelt med andre idear avhengig av kva lokale som er tilgjengelege og kva aktørar ein kan få til å etablere seg, seier Hervik.
-Uformelt har Radøy Venstre vore i kontakt med ein aktør som kanskje kan vere villig til å etablere ein pizzarestaurant på Manger, dersom høvelege lokale er tilgjengelege. Med målretta arbeid kan ein lukkast, fortset Hervik
-I distriktskommunar kan eit kommunalt engasjement utgjere ein forskjell i næringsutviklinga. På Radøy ynskjer Venstre ein langt meir aktiv næringspolitikk med sikte på etablering av fleire bedrifter og fleire arbeidsplassar, avsluttar Hervik.
Saka var på trykk i papirutgåva til Strilen 8.9, og i nettutgåva til Nordhordland som lesarinnlegg 9.9.