Gode og trygge lærarar er heilt avgjerande dersom me skal gi alle elevar moglegheit til å utnytte sitt potensiale. Lærarane er skulen sin viktigaste ressurs, og kvar dag gjer dei ein kjempejobb i Radøy-skulen. For Radøy Venstre er det viktig å satse på lærarane, slik at dei får høve til å gi elevane det beste av seg sjølve. Dette inneberer mellom anna ei satsing på etter- og vidareutdanning. For fire år sidan stod Radøy heilt utanfor den nasjonale satsinga på vidareutdanning for lærarar, noko Radøy Venstre fann heilt uakseptabelt.
Derfor gjekk me sist til val på at Radøy skulle vere ein del av det nasjonale vidareutdanningsløftet. Det innebar for det første at me i budsjettet for 2012 fekk gjennomslag for at ei løyving på 200.000 til føremålet. Dessverre var det ikkje den gong nokon særleg på pågang blant lærarane, slik at løyvinga ikkje vart ståande vidare dei neste åra. I dag er den statlege finansieringa av vidareutdanning betre, men det trengs ein gjennomgang av kva som er behova i Radøy-skulen. I følgje Utdanningsforbundet på Radøy er det behov for at fleire tek vidareutdanning i norsk og engelsk, og det er all grunn til å tru at dei har rett i det. Då bør det leggjast betre til rette for vidareutdanning i desse faga, etter Radøy Venstre si meining.
Lærarar har lenge klaga over at dei bruker for mykje tid på å fylle ut skjema for å dokumentere og rapportere, og at det går utover kvaliteten på undervisninga. Dei som har skoen på, veit kor den trykker. Såleis er det verd å lytte til lærarane. Ein rapport frå det såkalla «Tidstjuv-utvalet» viser no at det ikkje berre er staten som er skuld i skjemaveldet i skulen, men også kommunane. Radøy Venstre vil difor ha ein lokal gjennomgang av rapporterings- og dokumentasjonskrav i Radøy-skulen i tråd med tilrådingane i rapporten.
Radøy Venstre ynskjer ein skule som har ambisjonar for kvar enkelt elev, ein skule som ser heile barnet. Derfor ynskjer me no ein debatt om kor vidt dagens skule er tilpassa elevane sin kvardag, som kan vere ganske hektisk. Mange barn deltar på skulefritidsordning før og etter skuletid. Kvardagen kan verte hektisk viss ein ikkje kjem heim frå skulen før klokka er fire-halvfem, og skal rekke både middag, lekser og fritidsaktivitetar før leggetid.
Kanskje bør me sjå nærmare på kva for aktivitetar som kan verte tilbydd på skulefritidsordningane. Er det mogeleg å tilrettelegge for meir fysisk aktivitet, til dømes i samarbeid med idrettslag? Er det rom for eit tettare samarbeid med kulturskulen? Kan ein også tilby meir fagleg oppfølging og leksehjelp, samstundes som det blir rom for uorganisert leik? Radøy Venstre meiner ein bør arbeide for eit meir innhaldsrikt SFO-tilbod.
Frode Hervik,
Ordførarkandidat, Radøy Venstre
Lesarinnlegget stod i nettutgåva til NH 08.09