Marte – engasjert og yngst på Venstre-lista

Foto: Fjaler Venstre

Marte Haugsbakk

 

“Det har nok vore ein del politiske diskusjonar i heimen dei siste åra. Men valet om å stå på Venstre si liste i Fjaler, har eg heilt og fullt tatt på eiga hand. Eg synest partiet har eit godt program med ein grøn profil, samtidig som Venstre har mange flinke kandidatar i Fjaler.”

Slik grunngir Marte Haugsbakk kvifor ho har vald å engasjere seg i politisk arbeid og stå på Venstre-lista i heimkommunen ved årets lokalval. Marte er 20 år gammal og kjem frå Flekke. Og det er verdt å merke seg at morfaren, Arne Kyrkjebø, vart vald til ordførar for Ap i Fjaler for nøyaktig tjue år sidan. Mens pappa Johnny Haugsbakk har representert Venstre dei 12 siste åra i kommunestyret.

Til dagleg er Marte student i Førde ved Høgskulen i Sogn og Fjordane – der ho studerer energi, el-kraft og miljø. Studiet er tre-årig, og ho har nettopp starta på siste året. Om alt går som det skal, kan ho kalle seg ingeniør neste sommar.

“Eg flyttar gjerne heim om det skulle dukke opp ein høveleg jobb der. Eg har lyst å bu i Fjaler, men jobb-alternativa er ikkje så mange,” seier Marte. Ho meiner Fjaler-samfunnet har mange positive verdiar.

“Det er ein trygg og god plass for barn og ungdom å vekse opp i. Det finst eit bra utval av fritidstilbod og aktivitetar å vere med på. Og så er naturen veldig fin,” legg ho til. Marte likar godt å gå på fjellet. Og tidlegare har ho vore aktivt med i fotballgruppa i Dale IL. Dessutan har ho engasjert seg i Holeholten 4H, og vore styremedlem i Flekke UL. I fleire år har ho laurdagsjobba i kassen på Joker Flekke, og litt arbeid på Haugland Rehab-senter har det også blitt.

“Eg har faktisk engasjert meg litt i valkampen. Først og fremst overfor førstegangsveljarane. Og så prøver eg å få venner og kjende til å bruke stemmeretten – og helst stemme Venstre. Eg har allereie lært at det er mykje arbeid i samband med eit val – med nominasjon, programarbeid og ein travel valkamp. Og så langt har det faktisk vore interessent å vere med på noko av dette,” fortel Marte.

Når det gjeld valresultatet er ho klar på at ho ynskjer seg eit noko mindre AP – og eit større Venstre i Fjaler. “Fire eller helst fem mandat til Venstre hadde vore flott. Og eg blir absolutt ikkje skuffa om eg ikkje blir blant dei som kjem i det nye kommunestyret. Det kan eg ta att seinare. Eg har nemleg planar om å engasjere meg i politisk arbeid også i åra som kjem.”

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**