
Det er viktig å snakke med folk, ansikt til ansikt. Eg kan gjerne betale flybilletten for Siv Jensen til flyktningeleirar i Libanon og Jordan. Ho kan ta med seg Per Sandberg og Ingrid Skårmo (jfr lesarinnlegg i Agderposten 18. august) som ideologisk støtte. Så kan dei forklare kvar enkelt flyktning kor vanskeleg det er for stakkars lille fattige og trangbudde Norge langt mot nord å ta i mot 8000 menneske, – menneske som oss -, som flyktar frå krig, nød, tortur og drap.
Jan Kløvstad
Fylkestingskandidat for Venstre