Program for Ulstein Venstre 2015-2019:
Trygt å vekse opp i Ulstein
Ulstein er ei god kommune å vekse opp i. Venstre legg vekt på tidlig innsats og førebyggjande
arbeid. Vekst og utvikling skapast i eit samspel mellom gode offentlege tenester, frivillig arbeid og næringslivet, og kommunen må leggje til rette for både organisert og uorganisert aktivitet.
Ulstein Venstre ønskjer:
styrke det tverrfaglege samarbeidet overfor barn og unge sosialarbeidarar/miljøterapeutar i grunnskulen styrke det rusførebyggjande arbeidet i skulen rettleiar frå NAV i vidaregåande skule eit mangfald av frivillige lag og organisasjonar SFO-tilbod ved alle skular gode rusfrie møteplassar for ungdom ein ansvarleg og restriktiv alkoholpolitikk ein fortsatt sterk helsestasjon for ungdom Du kan sjå heile programmet her: Ulstein Venstre Program 2015-2019
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**