som mitt lokallag og vis relevante nyheter på forsiden
som mitt lokallag
Takk for litteraturfesten på Landeskogen
Publisert av Bygland Venstre
Initiativ og gjennomføringskraft er viktig. Det gjeld både dei som driv med kunst og kultur året rundt, og dei som lagar festivalar. For mange av oss som syslar med politikk er det å sjå folk lykkast blant dei største gledene. Takk til forfattarane Terje Dragseth, Hans Herbjørnsrud, Ingrid Storholmen, Ragnar Hovland og Steinar Opstad. Takk til Agnete Erichsen for teikneverkstad som førte til interessante veggar, til dokketeater med Sara Li Stensrud og musikkgruppa De mollstemte skoger. Takk til sjølvaste Aktive Fredsreiser-grunnleggar Helga Arntzen som stod ved disken og heile dugnadsgjengen. Ogg først og fremst stor til programleiarane og initiativtakarane Gunstein Bakke (på bildet) og Hind Helene Røynesdal. God planlegging, imponerande nettverk blant dei beste av dei beste forfattarane, og kunnskapsrike og velformulerte introduksjonar.
Landeskogen litteraturfest i Grendi i Bygland torsdag var verkeleg ein fest. Vi var mange som fylte salen, og vi kosa oss mens vi blei kopla på kulturoppleing på øvste hylle. Vi koplar ikkje av med kultur, vi koplar oss på. Gratulerer med litteraturfesten. Og lag gjerne ein slik fest seinare også!
Beste helsing
Jan Kløvstad
fylkestingskandidat for Venstre
bokbyarbeidar i Tvedestrand
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**
Bli medlem
Venstre bygger på aktive og engasjerte frivillige. Sammen kan vi skape ei grønn framtid med frihet og muligheter for alle. Bli med og ta Norge framover!
Ditt bidrag gjør det mulig for oss å samle folk med et sosialliberalt grunnsyn til felles innsats. Sammen jobber vi for sosial og økonomisk framgang, og for å få valgt inn folk som brenner for disse verdiene.