I eit land som Noreg er spørsmålet om lokalisering viktig, den heilskaplege substansen er derimot langt viktigare. Politiet vil fokusera på dei oppgåvene som berre politiet kan gjera. Og mange andre oppgåver vert flytta til andre etatar, som transport av psykisk sjuke, utstedig av pass osb.
Massakren på Utøya tydeleggjorde ein kollaps i alle ledd i politiet, sjølv i eit sterkt distrikt. Politireforma skal rusta framtidas politi for å takla store og dramatiske hendingar på ein langt betre måte. Politioverbetjent og varslar Robin Schaefer prøvde å få saka om Monika Sviglinskaja (8) teken opp igjen. Han vart motarbeida og avvist av norsk politikultur på sitt verste. No sit stefaren i varetekt, mistenkt for drap. Politireforma er lite verd om ho ikkje sikrar betre sakshandsaming og etterforskning enn det. Det finst tallause eksempel, som då ambulanse og helsepersonell vart ståande og venta på at politiet skulle koma og sikra drapsstaden til Hilda Feste i Os.
Treg respons set liv og helse i fare.

Reforma har no vore på høyring, og skal gjennom justeringar før den vert lagt fram for debatt og vedtak på Stortinget, med sikte på ein breiast mogeleg semje der. Dette gjeld grenseinndelingar, lokaliseringar, men viktigast av alt det politireforma må handla om, å få eit politi som sett folk først.

Geir Angeltveit
Ordførarkandidat
Stord Venstre