Venstre sin listetopp i Hordaland, Terje Breivik, reagerte sterkt på utspelet til listetopp Toppe i Hordaland Sp i HF fredag 2. august. Der ropar ho varsku og hevdar at lokalsjukehuset vert utradert om Høgre og Frp kjem til makta og at det vert ein boom for private sjukehus.
Eg reagerer fyrst og fremst på at ho uttalar seg som om ho ikkje er del av ei fleirtalsregjering som har hatt ansvaret for helse- og sjukehuspolitikk dei siste åtte åra. Det er all grunn til å returnere spørsmålet. Kvifor har dei ikkje gjort noko med den negative utviklinga dei åra dei har hatt fleirtal på Stortinget? spør Venstre-mannen frå Ulvik.
Ikkje skal eg snakka om ein blåblå-regjering, men eg kan forsikra Kjersti Toppe om at ein blågrøn regjering med Venstre, KrF og Høgre vil ha som primæroppgåve at politikarane tek tilbake styringa over spesialisthelse-tenesta. I dag har me gitt ifrå oss styringa til helseføretaka.
Breivik talar varmt for ein nasjonal helseplan klare tiltak til kva som er lokalsjukehusa sin rolle og kva innhald dei skal ha.
Denne må gje eintydig styringssignal til helseføretaka og føreseielege rammer, seier Breivik og legg til:
Eg vil påstå at eit regjeringsskifte, føresett den blågrøne varianten, vil føre til ein renessanse og ny giv for lokalsjukehusa, enn kva den raudgrøne regjeringa har levert.
Kva med Odda sjukehus?
Må få på plass ein nasjonal helseplan som definerer rolla. Eit lokalsjukehus må innehalda eit minimum av akuttfunksjonar innan indremedisin, generell kirurgi, enklare ortopedi, føde-tenester, røntgen og laboratorietenester som må dekke akuttbehandling. Me kan ikkje skubba helseføretaka framfor oss. Fleire spesialistoppgåvar styrker sjukehuset og lokalsjukehusa skal ha spesialistar, svarar Breivik.
Som lokalpolitikar frå Hardanger skal eg ha dette med meg inn i ei regjeringsplattform, seier han og minner om at det er tverrpolitisk semje om ein nasjonal helsepolitisk plan.
Breivik er overtydd om at dei blågrøne vil bli «rimeleg kjapt samde om ein slik plan».
Det er vanskeleg å rekruttera kompetente folk og få dei til å bli verande på lokalsjukehus. Dette kommenterte Toppe i måndagsavisa.
Der har Kjersti Toppe gode betraktningar, seier Breivik og held fram:
Det er viktig å sende signal til omverda om at Odda sjukehus skal satsast på og legge til rette for nærings- og industripolitikk. Vekst og optimisme i Odda og resten av Hardanger er viktig. Det heng saman med resten og er del av totaliteten, svarar Breivik og konkluderer:
Men dette er ikkje noko quickfix.
Les heile saka i Hardanger Folkeblad onsdag 7. august, eller på nett her.