Til val på skuleomkamp

Lindås Venstre går til val blant anna på å hindra nedlegging av grendaskular, kunne me lesa i Strilen laurdag 4. juni.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


— Me aksepterer demokratiske vedtak som eit fleirtal gjer. Men skular er likevel så viktig for folk at me vil prøva å få omgjort vedtaket om nedlegging i komande periode.

Det seier Venstre sin førstekandidat Aashild Halland og Rolf Nesheim som lokallagsleiar og nummer 8. på lista til haustens val av nytt kommunestyre i Lindås.
Styret i Lindås Venstre har nyleg samla seg om at det å stoppa nedlegging av skular vert ei hovudsak i programmet som går ut til veljarane.

Rolf Nesheim

Foto: Sfj Venstre

Desentralisert
Vedtaket om nedlegging av dei tre skulane Festo, Skodvin og Kløvheim vart som kjend gjort med knappast mogleg fleirtal i kommunestyret i junimøtet i fjor. Bak vedtaket stod Frp og Ap saman med ein representant som før møtet melde seg ut or Høgre og røysta som uavhengig.

— Venstre har alltid hatt og har framleis i sitt program å behalda ein desentralisert skule, seier Aashild Halland, adjunkt og tilsett som lærar ved Lindås barneskule.

Venstre sin eine representant i dagens kommunestyre, Odin Kristiansen, røysta mot nedlegging.

— Neppe siste gong
— Med eit knappast mogleg fleirtal vert det verken første eller siste gong eit mindretal vil prøva å få til ein omkamp. For vår del er skule så viktig at me prøver å få til eit endra vedtak. Det vert neppe andre saker me ikkje vil godta det fleirtalet vedtek. Dessutan skal det veljast eit nytt kommunestyre, og det står fritt til å gjera eit nytt vedtak, seier Rolf Nesheim.

Både Nesheim og Halland argumenterer med at dei reknar med bra folkeauke i krinsane der eit fleirtal av dagens folkevalde vil leggja ned skular.

— Det kjem først auka tilflytting i Knarvik, men der vert det ei fortetting og ikkje nye einebustader. Bygder som kan tilby einebustadtomter, vil tena på det, seier dei to.

Privatskule ok
Om det kjem ein privat Montessoriskule på Skodvin, vil Venstre ikkje endra på det.

— Me ser private skular som eit supplement til offentlege. Elles ser me eit sterkt engasjement frå foreldre for ny skule på Myksvoll, og støttar det. Når det gjeld Kløvheim, kan me ikkje sjå at det er sett av midlar til ein ny felles skule med Eikanger. Difor er det så langt ikkje mogleg å setja den nedlegginga ut i livet. Bygginga av ny Seim skule må gå sin gang av di bygda vil få ei jamn tilflytting dei neste åra, seier Nesheim og Halland.

— Ser det dette som ei vinnarsak ved valet i haust?

— Det viktige er at det er ei forlenging av Lindås Venstre sin politikk. Og me ønskjer sjølvsagt fleire stemmer enn det som sikrar ein folkevald som no.

Korrekt vedtak

— Vedtaket om nedlegging i fjor var eit korrekt fatta prinsippvedtak. Det var ikkje ulovleg å gjera det slik, men for min del ser eg no at nye krinsgrenser kunne vore ein del av prosessen då.

Det seier ordførar Astrid Aarhus Byrknes (Krf) i forkant av at nye krinsgrenser skal vedtakast i kommunestyret 16. juni, etter at uttalefristen har gått ut.

— Eg vil ikkje kommentera at eit parti vil ha omkamp i neste periode. Men eg legg ikkje skjul på at nye krinsgrenser er ei vanskeleg sak for meg, seier Aarhus Byrknes.

Ho forsvarte den skulestrukturen som kommunestyre-fleirtalet endra med sitt nedleggingsvedtak i fjor.

Saka stod på trykk i avisa Strilen laurdag 4. juni

Publisert på nett:
Av Hans Egil Storheim
Publisert 05.06.11 13:06
Endret 05.06.11 12:23

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**