Miljødagen markert i Fjaler Venstre

Fjaler Venstre melder på sine heimesider om deira markering av verdens miljøverndag i år. Dei gjer det ved å setje fokus på all maten som vert kasta. Dei har samla nokre tips for korleis kvar og ein kan gjere litt lokalt mens ein tenkjer globalt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

framside brosjyre

Laurdag 4. juni delte Venstre ut brosjyrar ved butikkane i Fjaler med råd og vink for å ta litt betre vare på maten. I Noreg vert det kasta mykje mat, både privat og frå butikkane, som kunne vore brukt. Det er eit tankekors når vi veit at folk manglar mat i andre delar av verda.

Maten som vert kasta skapar òg eit avfallsproblem. Alle saman kan vi bidra litt neste gong vi handlar. Det finst mange måtar å bruke matrestar på. Restemat er som regel enkelt og raskt å lage. Fjaler Venstre har teke med nokre tips i brosjyren som dei har utarbeidd.

Sjå brosjyren til Fjaler Venstre: Kampanje for miljøbevisst handling

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**