Av Jan Kløvstad
Det nye Venstrelaget vedtok lover, der § 1 lydde: "Foreningens Formaal er paa Grundlag af Forfatningen og Foreningen med Sverige, at arbeide for Folkets lovlige Selvstyre og Deltagelse i Offentlige Anliggende samt om enig og fast Optræden ved Valgene." Alle myndige menn kunne teikne seg som medlemer, og i tillegg til dei vanlege reglar for møteinnkalling, endringar av vedtekter og slikt skulle (§5) "Foreningen virke for Udbredelse af gode Tidsskrifter, Aviser og Bøger, foruden at afholde Foredrag for Medlemmer og andre. Udgifterne dækkes ved frivillige Bidrag."
Medlemene
Følgande medlemer meldte seg inn på første møtet: Torjus Engelskjøn, Jens S. Dalen, Anders Engelskjønn, Gunnar Lillevoie, Knud J. Lillestølen, Tellef Kartrø, Lars N. Voie, P. Syse, Terje A. Blødekjær, Anders Tangen, Tarald Brækkemoen, Gjeruld Herveland, Kristen Landbø, Peder Høgenæs, Knud P. Midstøl, Knud K.Midstøl, Lars Ristøl, Anders Haslestad, Ivar Fløistad, Osuld Kittelsplass, Gunder T. Tvede, Jens Tellefsen Tvede, Terje S. Fløistad, Tellef Brovold, Terje Ristøl, Gunnar E. Fløistad, Anders Tolfsen Tvede, Thomas Osmundsen Næs, Even Evensen Egestø, Niels J. Tvede, Lars T. Midstøl, Anders J. Tvede, Jørgen J. Dalen, Ole O. Boraas, Hans Jakobsen Næs, Ole Andreas Høgenæs, Torjus Høgenæs, Hans Terjesen Brække, Elling Tjøstolsen, Iver Brømnæs, Henrik U. Fritsøen.
Det første styret
"Til bestyrelse valgtes Thomas Osmundsen Næs, Ivar Fløistad, Knud P. Midtstøl, Gunnar Lillevoie og Tellef Kartrø", og første formann blei Ivar Fløistad med Thomas Osmundsen Næs som viseformann.
40 menn meldte seg altså inn første kvelden, og medlemslista hadde auka til 95 innan året var omme. Den første formannen var, som nemnt, Ivar Fløistad (1846-1926), som var ordførar i Østre Moland (som også omfatta Stokken på den tida) frå 1878, formann i amtsvenstreforeningen, første formann i Aust-Agder ungdomslag (frå 1896), styremedlem i første styret i Norigs Ungdomslag (1896), og alt hadde møtt på Stortinget som varamedlem for herefossingen Andreas Holm. Seinare møtte han fast på Stortinget i fleire periodar, og var lensmann i mange år.
Gjennomslitte dukar
"Denne lille notisboka synes jeg hører hjemme i Ø. Moland", skreiv Bergljot Siring i Lillesand til Austre Moland historielag for ein del år sidan, og sendte boka der oldefar hennes, den nemnte Ivar Fløistad, står for mykje av handskrifta. Bergljot Siring fortel at besteforeldra hennar budde på Kartrø (Karterød) skolehus på 1890-talet, "og bestemor fortalte at når de flyttet til Tveide i 1908 var de hvite, lange dukene gjennomslitt langs bordkantene, for de var brukt på utallige møter i skolehuset".
Alt hausten 1883 var det skipa venstrelag i Landvik, og i løpet av 1884 kom det mange fleire lokale venstrelag. Amtsvenstreforeningen blei danna tidleg i 1884. På det aller første møtet i Austre Moland "valgtes 1. Ivar Fløistad 2. Thomas Osmundsen 3. Gunnar Lillevoie til at representere Venstreforeningen ved et vordende Møde for oprettelse af en Amtsforening."
Dei store sakene i tida
Den vesle Venstreprotokollen i Austre Moland gir nok eit bilde vi kan kjenne igjen frå mange nystarta lokale Venstrelag. 26. september 1885 støtta laget eit forslag Ivar Fløistad hadde reist i Odelstinget same året "for at søge Drikkeondet afskaffet". På saklistene står mange av dei viktige sakene nasjonalt og lokalt: Konsulatsak, likeverd i forholdet mellom Sverige og Norge, alminneleg stemmerett for alle som har betalt skatt dei siste 3 år, arbeid for ein enklare og billigare administrasjon (29. desember 1887) med krav om "Inddragning af overflødige embeder som skoledirektør, fogde og en del distriktslægeembeder" og stadig vekk stemmerett, unionssaka og utviding av folkestyret.
Det best besøkte møtet som er nemnt i protokollen, er "overfyldt hus" på Karterød skole 29. oktober 1894, da laget hadde besøk av odelstingspresident Jørgen Løvland. Løvland var frå Evje, var stortingsrepresentant for Kristiansand frå 1886, seinare både Norges første utanriksminister frå 1905, statsminister 1907-1908 og kyrkje- og undervisningsminister i Gunnar Knudsens regjering 1915-1920. Ivar Fløistad og Jørgen Løvland var gode venner, og alt i 1882 blei dei første (Fløistad) og andre (Løvland) varamedlem til Stortinget frå Nedenes amt. I dette møtet var det også "prøvevalg", i dag kallar vi det nominasjon til stortingslista. Ivar Fløistad fekk 35 stemmer, Stian Gunhildsbu 28 stemmer og Tellef Kartrø 4 stemmer. Myra krets hadde eige møte, og stemmene derifrå blei lagt til stemmene i Austre Moland, så Fløistad samla fekk 50 stemmer og Stian Gunhildsbu 37 stemmer.
Etter kvart som Ivar Fløistad tok på seg verv både på fylkesplan og landsplan, tok Gunnar Fløistad over formannsvervet frå 1887 og frå 1893 Torjus Siring. Torjus Siring (1863-1922) tok lærareksamen i Kristiansand i 1885, og var lærar i Karterød og Fløystad skolekretsar frå 1886 til 1908 og igjen frå 1918 til han døde i 1922. Han hadde også tilleggsutdanning i engelsk i Seljord, sløyd i Hamar og landbrukskurs ved den nye landbrukshøgskolen på ås i 1906. I Håkon Sirings "Ane-tavle" (utgitt tidleg på 1970-talet) står det at "Han deltok ivrig i venstrepolitikken, skrev mange dikt og var stadig opptatt av litteratur og mere frilyndt ungdomsarbeide". Torjus Siring var gift med Berthe Marie Ivarsdatter Fløistad (1871-1968), datter av Venstrehøvdingen Ivar Fløistad.
Ivar Fløistad møtte på Stortinget 1886-1888, og igjen frå 1897 til 1900.
I referat frå venstreforeningens folkemøte hos Terje Brække 17. februar 1894 skriv Torjus Siring om diskusjonen etter foredrag av Ivar Fløistad og fører til protokolls at Østremolands venstreforening støtter følgende forslag til valgprogram (det var kortfatta valprogram den tida): "
1. Ordning af de diplomatiske sager, hvorefter norske sager underlægges norsk udenrigsstyre.
2. Almindelig stemmeret.
3. Militære kommandosagers afgjørelse under konstitusjonelt ansvar.
4. En revisjon af vor kommunallovgivning i retning af udvidet selvstyre.
5. Lettet adgang til erhvervelse af selveierjord.
6. Gjennemførelse af arbeiderlovgivningen omfattende bestemmelser om arbeidstid, ulykkes- og alderdomsforsikring for arbeidere og dermed ligestilles borgere."
Dette programforslaget blei det votert over og "bifaldtes enstemmig punkt for punkt af de mødende, ca. 17 venstremænd." For å støtte dette forslaget også på amtsvenstreforeningens møte i Arendal blei Lars N. Voie, Nils J. Tvede og Anton Longum valte, med Torjus Siring og Tellef Brovoll som varautsendingar. Ivar Fløistad møtte i kraft av leiar av amtsvenstreforeningen, der også Torjus Siring var styremedlem i fleire år.
I denne tida hadde leiande Venstrefolk som Viggo Ullmann alt reist forslaget om stemmerett for alle, også kvinner (første gong i 1890). Framleis var det berre menn over 25 år, menn som hadde eigedom, som kunne stemme.
Det nest siste møtet i den vesle protokollen er eit Venstremøte i Lona 19. oktober 1896 der 30 møtte. Agderpostenredaktøren Jens Svendsen heldt foredrag om "den politiske stilling" og Ivar Fløistad snakka om "beskyttelsestold". Og på siste side er det eit kort notat om møte 8. april 1897 der Østremolands Venstreforening kjøpte 197 brosjyrar om Udenrigsstyret og 189 brosjyrar om Konsulatsagen til gratis utdeling, i tillegg til at det blei sendt vidare rundt 90 slike brosjyrar til Stokken. Stokken var ein del av Østremolands Venstreforening til 11. januar 1896, da "der besluttedes at faa oprettet en Venstreforening særskilt for Stokken."
Rekneskapen viser underskot første året. Inntekter kr 4,50 og utgifter kr 10,50. Det er trykking av lovene som er største utgift, kr 7,00. Dei andre åra er rekneskapen i balanse, med årsomsetning kr 33,35 i valåret1895 som den største.