1 av 3 elevar oppnår ikkje studie- eller yrkeskompetanse, og på enkelte studieretningar er det berre 30 prosent som består. Verst er det i yrkesfaglege studieretningar (SSB).
3 tiltak
Venstre peikar spesielt på tre tiltak for å få bukt på problemet. For det første meinar Venstre det må verte meir praksis i yrkesutdanninga. For det andre må bør det verte gitt eit betre bustadtilbod til dei elevane som må flytte for å gå på vidaregåande skule, og for det tredje bør rådgjevartenesta styrkast.
Opplæringslova gir elevane rett til yrke – og studierettleiing og sosialpedagogisk rådgjeving. Tilbakemeldingar frå tilsette i vidaregåande skule viser at dei manglar kompetanse for å følgje opp denne retten for elevane, spesielt etterlyser dei opplæring i å kunne utføre den sosialpedagogiske rådgjevinga. Venstre meinar derfor at ei styrking av rådgjevartenesta må ha eit sterkt fokus på å auke den sosialpedagogisk kompetansen på skulane. Venstre foreslår derfor ei rådgjevarutdanning på masternivå.
Tradisjonelt sett vert elevane alt for ofte møtt med at dei er late og "giddelause" når fråveret aukar og skuleprestasjonane vert svakare. Venstre meinar ein må verte flinkare til å utfordre eleven på korleis han/ho EIGENTLEG har det. Vi må sjå på eleven som elev også utanom den tida dei er på skulen. Dersom eleven har vanskar med å takle fritida vil han også slite på skulen. Dette må sjåast i samanheng, og ein må tilby hjelp for å løyse dei utfordringane den enkelte elev har både på og utanfor skulen. Vidaregåande skule må kunne tilby hjelp til elevar med samansette utfordringar, og lose elevane til eksterne instansar om ikkje skulen sjølv har kompetanse til å løyse desse utfordringane.
Tiltak mot fråfall i vidaregåande skule vil også vere eit tiltak mot ytterlegare auke i tal på unge uføre.