Velkomen til årsmøte i Time Venstre
Årsmøtet blir halde på Time rådhus onsdag 28. januar kl. 18.00.
På årsmøtet skal vi mellom anna handsame årsmeldingar frå styret og kommunestyregruppa, utarbeide handlingsplan for 2026, handsame politiske resolusjonar, velje utsendingar til fylkesårsmøtet i Rogaland Venstre og velje nytt styre. Det blir òg rom for gode politiske diskusjonar. Som medlem har du tale-, forslags- og stemmerett
Alle medlemmar skal ha fått sakspapira tilsendt på e-post. Dersom du ikkje har mottatt desse, kan du ta kontakt på [email protected].
Etter årsmøtet blir det felles middag. Ønskjer du å delta, må du melde frå til lokallagsleiar Tone Byberg på [email protected] innan 25. januar.
Vi håpar mange tek turen!